Du har kanskje lagt merke til damelaget sin nye spelar nummer 10? Ho har komme heilt frå andre sida av jordkloden for å spele for Førde!

– Det er eit eventyr for meg. No lever eg draumen , seier Laura Reeks.

26-åringen frå Australia var ein av dei som tok flest poeng for heimelaget, då Førde rauk ut av cupen etter 1-3 mot Randaberg i kvartfinalen på laurdag. Det var Reeks sin fjerde kamp for Førde etter at ho kom til Noreg.

– Eg er skuffa over at vi tapte, for eg har høyrt at det er ei enorm oppleving å spele cupfinale. Men vi kan ikkje gremme oss for lenge. Vi må gjere det betre mot Tromsø allereie om to veker, så no må vi jobbe hardt på trening, seier ho.

Vart “oppdaga” av liberoen

Reeks har tidlegare spelt fem sesongar i den australske toppserien, der ho mellom anna spelte for Australia Centre of Excellence – eit opplegg tilsvarande ToppVolley i Noreg. Sist sesong var ho i Sverige, der ho spelte for Lindesberg Volley i eliteserien. Derifrå skulle det vise seg at vegen var kort til Førde.

Linken er libero på elitelaget til Førde og heiter Maria Farsund.

– Eg spelte mot Maria i Australia, då ho var der. Og så treftest vi att då ho trente i Sverige. Ho fekk meg til å komme til Førde, seier Reeks.

Har visum for eitt år

Ho har ein bachelor i excercise science og er dessutan sertifisert massør, og det har ho jobba med sidan 2016. Då ho skulle til Førde, var det difor naturleg at ho fekk jobb som massør ved Sunnfjord Spa.

Ho er samstundes klar på at grunnen for å komme til Førde er volleyballen.

– Førde har gode fasilitetar og Vitor Macedo som trenar. Det var viktige faktorar for meg, i tillegg til at det er flotte omgjevnader her. Og så er det jo kjekt å oppleve eit anna land, seier Reeks.

Førebels har ho fått visum for eitt år. Etter det veit ho ikkje kva som skjer. Det kan vere ho vil halde fram i Førde, ein annan stad i Europa – eller reise heim. Det vil berre tida vise.