Vår eigen Maria Farsund (30) er tilsett som dagleg leiar i Fyllingen Håndball Elite.

– Eg ser veldig fram til å kombinere utdanning, erfaring og interesse innan sport i den nye jobben, seier Farsund.

Ho har dermed spelt sin førebels siste sesong som libero for moderklubben Førde VBK. I august startar ho i den nye jobben i Bergen. Farsund kjem frå finansjobb hos Nordea Direct i Førde, og styreleiar Nina Britt Husebø i Fyllingen er særs nøgd med tilsetjinga.

– For klubben var det viktig å gjere ei tilsetjing der kandidaten tydeleg deler og kjenner seg att i verdiane våre. Når vi i tillegg til dette, fann kombinasjonen av kompetanse og eit stort engasjement for visjonane og framtidsplanane våre, kjennest valet svært rett, seier Husebø til klubben sin nettstad.

Gjennom utdanninga si innan Sports Management er Maria Farsund interessert i ulike typar idrett og system. Ho har erfaring frå elitespel i volleyball, og ho har leiarerfaring frå sin tidlegare jobb som dagleg leiar for Ochre Health i Australia.

– Det blir kjekt å drive ein så stor klubb som Fyllingen. Eg vil og halde fram med volleyball ved sida av jobb. No er eg i kontakt med TIF Viking og vil starte der som trenar og som spelar til hausten, seier Farsund.

Maria Farsund var med då Førde sitt damelag rykte opp til eliteserien for første gong i sesongen 2010-2011. Etter at ho kom heim frå studium og jobb i Australia, har ho spelt tre sesongar for Førde i eliteserien. Ho vann cupfinalen med Førde i 2019.