Sverre Grønnevik Flåskjer måtte stå over toppkampen borte mot Koll, men er med når herrane spelar heime mot OSI på laurdag.

– Eg har praksis i heimetenesta i Naustdal og fekk nei til å reise frå kommuneoverlegen. Det var jo forståeleg med tanke på smittesituasjonen i Oslo, seier Sverre Grønnevik Flåskjer (midt i biletet).

Midtspelaren går siste året på sjukepleiarutdanninga i Førde og kunne risikere at praksisen gjekk i vasken om han reiste til Oslo. Det var difor ingen tvil om han måtte halde seg heime frå førre serierunde – sjølv om Førde skulle spele toppkamp mot Koll. Det enda med 3-2 til hovudstadslaget.

– Det er sjølvsagt kjekkast å spele slik kampar, men det kjem fleire sjansar utover i sesongen, konstaterer Flåskjer.

Sunnmøringen måler 202 centimeter på strømpelesten og har ei rekkevidde på 343 centimeter. Han er såleis ein svært viktig midtspelar for Førde. Han takkar Bjarne Nikolai Huus for litt av framgangen han har gjort denne sesongen.

– Eg har prata mykje med han og fått ein del tips. Han har jo røynsle frå mellom anna Long Beach, så han har snakka litt om korleis dei gjorde det der, seier Flåskjer.

Laurdag ventar OSI på heimebane i Førdehuset. Kampstart er klokka 16.00, og denne gongen kan Flåskjer vere med som vanleg – slik han og var i kvartfinalen mot Askim sist helg.

– Vi har starta sesongen bra, og eg synest vi spelar god volleyball no. Det er ein kjekk gjeng å vere saman med. Vi har det moro, og det er motiverande, seier han.