For Vitor Macedo er jula ekstra spesiell i år. Det er lenge sidan han har sett sine kjære.

– Eg skal vere i Førde i jula. Det har sjølvsagt å gjere med koronasituasjonen og at det er langt heim, seier Macedo.

For mange vil julehøgtida dette året bli spesiell på grunn av pandemien. Ekstra spesielt vil det bli for dei som ikkje kan reise heim til sine kjære i heimlandet. Blant dei er Førde Volleyballklubb sin eigen Vitor Macedo, som aller helst skulle ha reist heim til familien i Rio de Janeiro.

– På grunn av koronaen var eg ikkje heime i sommar, heller. Til sommaren er det dermed to år sidan eg har vore heime. Så dette vart eit spesielt år for meg, seier Macedo.

Ofrar mykje for volleyballen

Vitor Macedo kom til Noreg som elev på volleyballinja ved Sunnfjord Folkehøgskule i 2009. Etter ein sesong med Oslo Volley reiste han vidare til Canada for å gjere ferdig studia og satse på volleyball, før han i 2017 vart henta tilbake til Førde Volleyballklubb. Her har han blitt ein sentral person. Brasilianaren er oppleggjar for herrelaget og trenar for damelaget.

No skal han feire jul i Førde for andre året på rad. Julaftan skal han vere hos ein kamerat i Naustdal. På grunn av idretten har han ikkje vore heime i jula på elleve år.

– Det er tungt. Dette er den tida av året der eg får mest heimlengt. Det er så mørkt og kaldt i Noreg, seier han.

– Men eg veit jo at eg må ofre noko for å drive med dette, seier Macedo.

Håpar på ferie i Brasil til sommaren

Oppleggaren håpar han kan komme seg heim etter at sesongen er ferdig utpå vårparten. Om ikkje pandemien set ein stoppar for det, set han seg på flyet til Brasil for å få ein lengre periode heime – då det er meir praktisk gjennomførbart enn i juletida.

– Eg plar vere heime i minst ein månad om sommaren. Men det er ikkje ideelt i jula, då det blir endå kortare og meir stressande. Berre reisa tek lang tid. Når eg først er heime, må eg liksom besøke alle eg kjenner. Då er det like godt å vente til sommaren igjen, då eg har betre tid på meg, seier Macedo.

PS: Eliteserien har spelefri fram til slutten av januar. Neste kamp for Vitor og herrelaget er den avgjerande NM-semifinalen 16. januar heime mot NTNUI.