Bjarne Nikolai Huus har funne seg ny proffklubb i Europa.

– Eg gler meg veldig. Dette blir bra, seier Huus.

Han nyt for tida dei siste dagane av sommarferien, før han i midten av august set kurset for Amysoft Lycurgus i Eresdivisie – den nederlandske toppdivisjonen. Der har han skrive under på ein eittårskontrakt.

– Dei tok kontakt med meg, og eg likte det eg fekk høyre. Klubben verkar veldig profesjonell, seier Huus.

Avbrot på grunn av korona

Etter å ha spelt volleyball i USA, på Kypros og i Finland, gjorde koronapandemien sitt til at Huus i vinter tok ein sesong for moderklubben Førde. Han har heile tida vore klar på at han ville ut i Europa igjen, og no klaffa det endeleg.

– Eg var i kontakt med dei då eg kom heim frå USA og. Den gongen vart det ikkje noko av, seier Huus.

Han meiner ligaen i Nederland liknar litt på den norske, med fire-fem lag som skil seg ut i toppen – men nivået er jamt høgare enn her heime. Førdianaren er budd på å måtte kjempe om plassen på laget. Men det er han berre glad for.

– Det er bra for utviklinga mi, og det er det viktigaste for meg, seier han.

Skal spele CEV-cup

Amysoft Lycurgus har lagt opp til ei sesongoppkøyring med treningskampar mellom anna i Italia, Slovenia og Belgia. Dei er ofte å rekne blant seriefavorittane i Nederland, og dei spelar ofte i europacupane. Til hausten ventar spel i CEV-cupen.

Huus er henta inn som kantspelar.

– Det er mykje energi i spelet hans. I tillegg har Bjarne gode kommunikasjons- og leiareigenskapar. Han er eit spennande internasjonalt tilskot i spelarstallen saman med Maarten Bartels, Craig Ireland og Joël Schneidmiller, seier trenar Arjan Taaij til nettstaden Volleybalkrant.

Tek eitt år om gongen

Sjølv er Bjarne Nikolai Huus spent på å komme i gang i den nye klubben. Han har drøymt om å spele profesjonelt sidan han var 14 år og trente med kameratane i Førdehuset.

– No tek eg eitt år om gongen. Det kan hende eg blir eit år til, dersom eg likar meg godt. Samstundes er det naturleg å ta eit steg vidare, og då kan det hende eg vil til Tyskland, Frankrike eller Belgia. Men det vil berre tida vise – eg har og lyst til å spele sandvolleyball og bli trenar i framtida, seier Huus.