– Det har gått over all forventning, seier Lars Fredrik Tvinde.

Saman med Bjarne Nikolai Huus har han starta podkasten «Sideout» med volleyball som tema, og det ser ut til at mange har venta på at eit slikt tilbod skulle dukke opp. Nyleg bikka karane nemleg 2000 nedlastingar på dei første episodane til saman.

– Det er jo ein milepåle i seg sjølv, så det er vi veldig nøgde med. Eg sa at om vi fekk over 500 nedlastingar på den første episoden, så ville det vere bra – men no har vi allereie over 800, seier Tvinde.

Dei nærmar seg med andre ord det doble av det dei hadde håpa på.

Alle tre har bakgrunn frå Førde

Det siste tilskotet i «Sideout» sitt univers er Bendik Gabriel Huus, som skriv blogginnlegg på nettstaden. Både podkasten og bloggen tek for seg tema innanfor trening og volleyball. Målet er å bidra til å utvikle volleyballen i Noreg.

— Innhaldet er retta mot eit volleyballpublikum. Podkasten er retta mot alle interesserte, medan bloggen nok er retta endå meir mot trenarar og spelarar, forklarer Tvinde.

Han har sjølv gått gradene som volleyballspelar i moderklubben Førde, men spelar no for Koll og landslaget. Bjarne Nikolai Huus er nøkkelspelar for Førde, samstundes som også han er på landslaget. Begge har dessutan bakgrunn som proffar i utlandet. Bendik Gabriel Huus er også tidlegare Førde-spelar. No er han trenar for Morgondagens Olympiarar og assistenttrenar på landslaget.

– Det er mykje Førde-gen i denne podkasten, ler Tvinde.

Mange kjem med tips og innspel

Han viser til at dei tre kompisane har eit stort engasjement for norsk volleyball generelt, og det er det tydeleg fleire som har.

– Vi har fått god backing i miljøet, for folk er engasjerte. Mange kjem med innspel og tips til ting vi kan ta opp, og det set vi pris på, seier Tvinde.

Podkasten finn du på nettstaden sideout.no. Du kan og laste han ned på Spotify og iTunes. Søk på sideout volleyball eller følg lenkene.