Branislav Djuric gjekk berre glipp av éin kamp. Får med seg både cupfinale og resten av seriekampane.

– Det er jo på grunn av volleyballen at eg er her, så eg håpar vi skal halde fram det gode treningsarbeidet som før, seier Djuric.

Branislav Djuric er hovudtrenar for elitelaget for herrar, men har på grunn av sjukdom i familien vore heime i Serbia sidan før jul. I mellomtida har spelarane Bjarne Nikolai Huus og Martin Olimstad teke eit ekstra ansvar for treningane, medan trioen Frank Roger Kalstad, Jan Egil Tvinde og Arild Undheim leia laget i semifinalen i cupen mot NTNUI.

Les også: Då trenaren kasta inn handkledet før storkampen, stod «dreamteam» klare

Måndag kom endeleg Djuric tilbake til Førde, men det vil framleis gå litt tid før han kan trene laget. No må han først sitje i karantene i ti dagar. Deretter vil han igjen kunne fungere i rolla som hovudtrenar, og han vil få med seg det som er av kampar ut sesongen.

Inntil vidare er både cupfinalen og dei første seriekampane utsett på grunn av koronapandemien.