sponsor-full-1078-041016

Signerte herrespelarar 2015/16

Sep 12, 2015

Førde VBK har hårete mål for 2015/16-sesongen. Jan Egil Tvinde, ny trenar for eliteserieherrene, er difor på signingsferd for å sikre seg ein god og variert spelarstall før sesongen tek til.

For at du skal greie å halde følgje med signeringstempoet til Tvinde, oppdaterer vi oversikta under fortløpande. Vil du ha nyheitene enno raskare, anbefalar vi deg å følgje oss på Facebook.

signerte spelarar hittil

14.septermber 2015

Håvard Aarrestad

Håvard Aarrestad frå Sandnes har slutta seg til Førde. Etter 3 år på volleyballgymaset Toppvolley ønskjer rogalendingen å forsette utviklinga si.

Med erfaring frå juniorlandslag blir dette ei spennande forsterkning for klubben, seier hovedtrenar Jan Egil Tvinde i sin kommentar til den nye spelaren. Han er godt nøgd med å få inn slike treningsvillige utøvarar. Dette er framtida til norsk volleyball påstår den nybakte herretrenaren.

Aarrestad er sjølv godt nøgd med fasilitetane til klubben og på peiker han er komen for å nå toppen. Me ønskjer Håvard lukke til i blått.

8.septermber 2015

Simon Buvarp

Med signaturen på plass er Simon Buvarp no klar for sin sjette sesong og byrjar å bli ein erfaren mann i Førdehuset. Arbeidshesten frå Namdalseid har lagt ned tallause timar for klubben både på og utanfor bana, og han har ingen planar om å gje seg enno.

Som fleire andre på laget har også Simon gått i lære på ToppVolley, kunnskap vi har god nytte av i laget. Sjølv gler han seg stort til årets sesong og har høge forventningar til både seg sjølv og laget.

24.august 2015

Jarle Fornes

Austlending inn i troppen. Etter mykje om og men fekk vi endeleg signaturen til Jarle Fornes på plass. Gjennom harde forhandlingar vil vi seie at begge partar er godt nøgde.

Fornes har bakgrunn frå TVN der han gjekk den berømte INDO-skulen. Dette har vore ei kvalitetssikring klubben tildlegare har vore godt nøgde med.
Gjennom dei 3 åra på Sand fekk Jarle deltatt på juniorlandlagsaktivitet i fleire posisjonar, noko som viser kor allsidig spelar han er.

Coach Tvinde håpar at austlendingen kjem seg inn i vestlandsmiljøet utan store skader og FVBK ser fram til å sjå Jarle si utvikling gjennom årets sesong.

21.august 2015

Sverre Flåskjer

Landslagsaktuell volding. Vi er stolte av å kunne presentere 202cm høge Sverre Flåskjer. Midspelaren frå Volda har signert eittårs-kontrakt med oss og er svært positiv til utviklinga i Førde volleyballklubb om dagen. Ungguten kjem direkte frå 3 år på Toppvolley Norge. Med seg i bagasjen har han NM-gull frå aldersbestemt, samt deltaking på fleire juniorlandslag.

Klubben håpar Sverre finn seg til rette i blått og vi gler oss til å samarbeide med nok ein sunnmøring. Styremedlem Jan Ove Hafstad uttalar i ein kommentar at FVBK har gode erfaringar med den slags.

12.august 2015

Sindre Grotle

Satsar på både utdanning og volleyball. Kantspelar Sindre Grotle er klar for sin tredje sesong i Førde-drakta. 24-åringen frå Sandnes skal kombinere volleyball på toppnivå med utdanninga som sjukepleiar.

Sindre var fast inventar på fjorårets Førde-lag og gler seg stort over den nye satsinga etter den noko skuffande fjorårssesongen. Den høgthoppande rogalendingen har tidlegare gått på ToppVolley og hadde deretter eit år i Sogndal med Studentspretten, som mellom anna resulterte i sterke plasseringar i NM og 10.plass i StudentEM.

Sindre tok til slutt til fornufta og flytta til Førde, der han først hadde ein sesong i 1.divisjon før han tok steget opp til eliteserien i fjor. No ser han fram til enno ein ny og spennande sesong, både på og utanfor bana!

29.juli 2015

Vasile Afloarei

Første utanlandske signatur på plass! Det er med stor glede at vi i dag kan bekrefte at Vasile Afloarei har signert ny kontrakt. Den 202cm høge midtspelaren kjem opprinneleg frå Romania, men har etter to sesongar i Førde-drakta valt å halde fram i blått også neste sesong. Med denne kraftkaren på plass er det nok fleire lag som må sjå fram til skumle duellar framme med nettet.

Vasile er for tida på treningsleir/ferie i heimlandet, men er tilbake på plass når oppkøyringa startar i midten av august. Han har difor ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, men delar av redaksjonen har imidlertid vore i Italia og snakka med fleire tidlegare lagkameratar som omtalar både Vasile og signeringa som “jekla bra!!”.

16.juli 2015

Anders Nedland Røneid

Eliteseriens høgaste blir med vidare. Tvinde har i dag vore i ute og sikra seg ein ny signatur i samlinga. Anders Nedland Røneid har forlenga kontrakten og med det får vi sjå sogningen på vaksne 210cm i Førdedrakta også neste sesong.

Røneid har vore med oss nokre sesongar, men fekk ei brå avslutning på sesongen i fjor då skuldera gjekk utav ledd i det som i ordboka er derfinert som ein lite vellykka snowboardsalto. I eit intervju seier Røneid at skuldera no er operert tilbake på plass og at han har stor tru på det forsterka Førdelaget neste sesong. Vidare uttalar han at sportsleg leiar Martin Berntsen har sendt snowboardsamlinga på tvangsauksjon i eit forsøk på å redusere skaderisikoen. Berntsen har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, men rykta seier at salet gjekk bra.

14.juli 2015

Sondre Holvik

Unggut frå klubben blir ein del av storsatsinga. Sondre Holvik har i dag signert for Førde Volleyballklubb. Etter å ha fullført 3 år ved elitesatsinga til Hafstad VGS er Holvik klar for å ta fatt på nye utfordringar. Hovudtrenar Jan Egil Tvinde uttalar at Sonde blir ei viktig brikke med sine gode treningsverdiar.

Ungfolen frå Erdalen seier sjølv at han har tru på FVBK skal ta store steg denna sesongen, noko han gler seg over. Som Førdegut er det ekstra kjekt å bidra til eit godt treningsmiljø noko han meiner blir det viktigaste for å ha ei god utvikling.

Me gler oss til kjekke stunder i førdehuset!

10.juli 2015

Torstein Husø

Oppleggar forlengar med ein ny sesong! Klubben kan med stor glede presentere Torstein Husø som Førde spelar for kommande sesong. Guten frå Ålesund har tidlegare gått 3 år på Toppvolley, samt vore førsteoppleggar for Førde førre sesong. Me ønskjer han hjartleg velkommen til ein ny og spennande sesong i blått.

Sunnmøringen seier i eit intervju med redaksjonen at han skal kjempe med nebb og klør for å dra FVBK opp på toppen av den norske eliteserien. Han tilføyer at han gledar seg stort til oppkøyringa som brakar laust i midten av august.

6.juli 2015

Øystein Løken Bergum

Forberedelsane til neste sesong er i full gang og i dag kan vi presentere enno ein spelar som er klar for Førde neste sesong. Coach Tvinde har vore i Oslobygda helga og med seg heim har han signaturen til libro Øystein Løken Bergum! Øystein har vore med oss i fleire år allereie og ser fram til å bidra til å ta Førde tilbake til toppen der vi høyre heime!

“Jekla bra!!” seier Tvinde i ein kort kommentar over Hemsedal.

24.juni 2015

Mathias Loftesnes og Lars Tvinde

På ein pressekonferanse tidlegare i dag vart Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde presenterte som Førdespelarar. Spelarane signerte kontraktane i lokala til generalsponsor Sparebanken Sogn of Fjordane i Førde. Begge er fast inventar på landslaget og returnerer frå profflivet i utlandet, der Loftesnes har tenestegjort i tsjekkiske CEZ Karlovarsko det siste året, mens Tvinde har hatt tilhald i Pafiakos Syllogos Athlopedion (!) på solfylte Kypros.

Les kva media skriv om overgangen:

 

NRK: «No vender volleyballproffane heim»

Les NRK si dekning av saka

Firda: «Stjernene tilbake i Førde»

Les Firda si dekning av saka