sponsor-full-1078-041016

11 Førde-lag på Opningsturnering i Bergen!

Sep 28, 2016

Vi takkar alle som hadde tatt turen til By’n denne flotte septemberhelga. Norled vart full av “blåfarga” på ferja over Sognefjorden.

I hallen var det berre glade ansikt å sjå blandt spelarar, trenarar, støtteapparat og foreldre, som vitnar om positive opplevingar for alle. Takk til Otto og co som på solid vis har sparka i gong ein ny volleyballsesong. FVBK reiste heim igjen med gode sportslege opplevingar og med ein god del dollar i bagasjen.

Vi håpar å møte alle Hordalandslaga og laga frå nordfylket igjen 11-13. november i Førdehuset, til nok ein volleyballfest!