3-1-siger i Trondheim

Apr 10, 2016

Eliteherrane spelte tre fantastiske sett mot heimelaget NTNUI laurdag ettermiddag. Med 3-2 siger i bagasjen frå Vestlandet måtte blåtrøyene ha ein siger til for å være finaleklare.

Trenarane sin strategi med å gi 210cm høge Anders Røneid tillit frå start viste seg å være eit godt val. Sogningen takka for tilliten med to svært gode killblokker.

Kampen sin store spelar var likevel den minste på bana. Libero Øystein Bergum leverte stabile mottak og fantastiske forsvarshandlingar gjennom heile kampen. Sjølv meiner liberoen at det var eit par ballar til å hente i forsvar.

Med Presidenten Bjørn Holvik og Jan Ove Hafstad på tribuna var det ekstra godt å vise oss frå vår beste side seier kaptein Loftesnes til redaksjonen.

Vi minnar også om årsmøte på torsdag kl 18 i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.