sponsor-full-1078-041016

9 av 12 moglege poeng

Oct 3, 2016

damseier-oslo

Første seriehelg er unnagjort, og elitelaga våre spelte heile fire kampar. Med totalt ni av tolv moglege poeng, og tre av fire sigrar er vi godt nøgde med starten på årets sesong!

Aller best gjekk det for damene våre, som vann begge kampane og tok med seg 5 poeng heim i bagasjen. Laurdag vart to poeng sikra mot OSI. I ein kamp som vippa mykje fram og tilbake klarte vi å avgjere kampen i vår favør i det femte settet, som gjorde at vi tok med oss ein 3-2 siger. Spennande var det også på søndag mot Koll, men her slapp vi det nervepirrande femte settet, og avgjorde kampen 3-1.

dameseier-peppes

Damene våre ser veldig sterke ut i år, og har som mål om å melde seg på heilt i toppen, og med ein så god start kan gir det tru til heile gruppa på at det er mogleg. Vi er i alle fall strålande nøgde med å få ein tilnærma perfekt start på sesongen!

For herrane våre gjekk det ikkje like bra på laurdagen, då det vart eit surt 3-2 mot Randaberg. Sjølv om det til tider var mykje bra spel merkast det at det var første kamp for sesongen. Gutane er likevel nøgde med å ta med seg eit poeng heim frå Randaberg, som kan vise seg å blir eit av topplaga i år. Søndagen gjekk det hakket betre. Då tok vi med oss tre poeng mot ToppVolley Norge, eit ungt og hardtarbeidande lag.

siger021016

Med fire poeng i bagasjen ser også herrane seg nøgde med helga. Vi har trua på at spelet skal lausne meir og meir utover sesongen, og at vi skal vere med heilt i toppen når medaljane skal delast ut.

Til helga er det klart for årets første heimekampar i eliteserien! Både damene og herrane skal i aksjon. Damene møter Tønsberg søndag 13.00, for herrane skal i aksjon mot fjorårets cupfinale-motstandar NTNUI klokka 15.00.
Vi håper mange tek turen til hallen og støttar laget til siger!

Følg oss på Facebook og Instagram for jamlige oppdateringar!