sponsor-full-1078-041016

Årets siste kampar og julebord

Dec 20, 2016

Forrige helg avslutta vi ein lang haustsesong med kampar for våre tre beste lag, samt det (snart) tradisjonsrike julebordet vårt. Og for ei avslutning det vart! Alle laga vår sikra seg poeng i vanskelege kampar.

Damene tok overbevisande 3 poeng mot Viking, herrelaget klarte å ta 1 poeng frå Viking for første gong i sesongen, og 1.div herrane sikra seg 2 poeng og siger mot Stod.

Etter kampane inviterte vi til julebord med spelarar, trenarar, foreldre, sponsorar og andre som føler seg tilknytt til klubben. Det er fantastisk moro å sjå at så mange ville vere med å avslutte det som har vore eit flott år for klubben!