sponsor-full-1078-041016

Eitt steg nærare seriegull!

Apr 18, 2016

Søndag slo herrane våre Nyborg 3-1 og med det sende nok eit Bergens-lag heim frå Sunnfjord med tap. Vi ledar no 1-0 i «best av 3» serien som skal avgjere kven som blir seriemeistrar. Med ein siger i Bergen neste helg kan vi sikre sesongens andre store tittel!

Vi starta kampen godt, og dei to første setta hadde vi god kontroll på laget som tidlegare i år vart Nordiske meistrar. Med settsifra 25-20 og 25-21 kunne gutane fornøgd gå i garderoben i pausen. Men medan deltakarane på servekonkurransen gjorde alt dei kunne for å sikre seg ein pizza frå Peppes, la Nyborg ein god plan for å slå tilbake.

Det tredje settet var lenge jamt, heilt fram til 16-16, men derifrå viste Nyborg kva som bur i laget, og ei vanvittig serverekke gjorde at dei til slutt tok settet med sifra 19-25.

I det fjerde settet var Førde-gutane tilbake der vi skulle vere. Med god serving og godt mottak la vi grunnlaget for mange gode ballvekslingar. Jamt og trutt drog vi ifrå Nyborg, og til slutt kunne matchball-kongen Håvard Aarrestad hamre inn det avgjørande poenget.

Neste laurdag kl 15.00 spelast neste kamp, i Stemmemyren i Bergen. Med siger her er vi seriemeistrar, viss Nyborg vinn blir det ein siste og avgjerande kamp dagen etter. Vi håpar på mange tilreisande førdianarar, og at mange Sunnfjordingar i Bergen tar turen i hallen for å hjelpe Førde mot sitt tredje seriemeisterskap!

Les kva media skriv om kampen: