sponsor-full-1078-041016

Europacupfest i Førdehuset!

Nov 10, 2016

I ein fullstappa hall i Førdehuset fekk 1000 tilskodarar oppleve ein av årets største, beste og mest spennande volleyballkampar. Vi måtte til slutt gi tapt 3-1 mot eit sterkt Fonte do Bastardo Azores etter å ha tapt 27-25 i det fjerde settet. Vi er sjølvsagt skuffa over å ikkje vinne, men er godt nøgde med heile opplevinga, det håpar vi publikum også er.

Vi sender ein stor takk til alle som har vore med å bidrege! Takk til spelarar, publikum, arrangørar, publikum med Sunnfjord Folkehøgskule i spissen! Takk til alle som er med på å gjere dette mogleg!

Sjå kva media skriv

Bilete frå kampen

Fotografen vår Elisabeth Viken har samla bilete frå kampen her.