Herrane til semifinale, damene halvvegs!

Nov 14, 2016

Denne helga har herrane gjort unna sine to kvartfinalekampar i cupen, medan damene er ferdig med sin første kamp. Begge lag møtte motstand frå 1.divisjon, herrane møtte Blindheim og damene møtte Kristiansand. Med 3 av 3 sigrar seier vi oss meget godt nøgde med helga!

Herrane spelte første kamp i Blindheim på laurdag, før returoppgjeret vart spelt i Førdehuset søndag. Begge kampane enda 3-0 til oss utan nokon store problem. Blindheim viste til tider at dei har mykje volleyballferdigheiter i laget, men vi vart nokre hakk for store heile vegen. Ekstra kjekt var det å spele mot vår gamle oppleggar, Torstein Husø, igjen. Vi ser fram til å sjå deg i Førde-drakta igjen!

Damene gjorde jobben sin på bortebane mot KSK, der dei sikra seg ein 3-2 siger. KSK har eit ungt og svært talentfullt lag som hadde hevda seg godt i eliteserien, og det var absolutt ikkje nokon lett kamp for oss. Kaptein Hilde Elvebakk oppsummerar kampen slik: «Vi visste ikkje heilt kva vi møtte, og vi hadde litevetta startvanskar. Men etter kvart så fekk vi tak om dei og drog sigeren i land etter tre gode sett. Vi måtte ha alle leggarane på bana for å få det til: Live som leggar, Elise som libero og Rebekka MVP som diagonal.»

Returoppgjeret for damene går fredag 25. november klokka 19.00 i Førdehuset.

Trekning av semifinale vil bli gjort måndag 21. november klokka 13.00.

kskdamer