sponsor-full-1078-041016

Ingen cupfinale i år

Dec 15, 2016

Det blir desverre ingen cupfinale på oss i år.

Forrige helg rauk både dame- og herrelaget ut av semifinalen i cupen. Aller verst var det for damene som spelte ein kjempekamp mot forhåndsfavoritt Randaberg. Etter å på mesterleg vis ha spelt seg fram til “golden set” og i tillegg ha ledelsen 13-11, var det utruleg surt å til slutt tape 13-15.

For herrane sin del var det mindre spennendes då TIF Viking vart eit par hakk for sterke over to kampar.

Vi deppar ikkje av den grunn, men ser heller på moglegheitane vidare. No har begge lag 100% fokus på serie og sluttspel, der vi verkeleg skal ta revansje!