sponsor-full-1078-041016

Klare for ny serierunde

Oct 20, 2016

Etter to gode treningsveker og ei etterlengta frihelg er laga våre no klare for nye kampar. Begge elitelaga og 1.div herrar skal i aksjon, det blir altså mykje god volleyball i helga!

Herrelaget reiser nordover for å møte serietoar Tromsø. Det har endå ikkje løsna heilt for herrane våre som etter tre kampar står med ein siger. Tromsø er i god form, men vi håper å få i gang spelet vårt og å gi dei god kamp om dei tre poenga.

Damelaget håper å kunne fortsette den gode trenden når dei reiser til hovedstaden. Lørdag venter Tønsberg før forhåndsfavoritten Oslo Volley står på andre sida av nettet søndag. Dette blir den første skikkelige testen for damene, og vi håpar å vise at vi blir i rekne med i toppen i år.

For 1.divisjon-gutane ventar årets første rankingturnering i Bergen. Med ei god blanding av ungt pågangsmot og litt eldre rutine håpar vi på å kunne hevde oss heilt i toppen. I fjor vann vi første rankingturnering, klarar vi det same i år?

Vi kjem til å oppdatere på facebook med meir informasjon om kampane.

Vi ynskjer alle laga lykke til!