Klubben som satsar på framtida

Oct 7, 2016

I Førde kan du vere toppidrettsstudent i Førde. Fleire av elitespelarane i Førde volleyballklubb er i gang med høgskulestudium. Dei rosar studieopplegget i Førde. Skulen gjev god oppfølging og velvillig tilrettelegging. Instituttleiar Eli Nummedal synest studentane gjer ein god jobb og vil gjerne bidra til at dei lukkast. For studentane er kvardagen prega av forelesingar, studium, trening og kampar. Sjølv om dette kan vere krevjande, set dei pris på mogelegheita til å kombinere utdanning og toppidrett.

Denne veka var også nokon av dei nye spelarane med på møte mellom klubben og høgskulen. Toppidrettskontakt Kirsti M. Bruland rår dei til å vurdere nøye kva for studium dei vil satse på og så tidleg som råd ta kontakt med skulen for å drøfte tilrettelegging. Førde volleyballklubb er glade for at spelarane får dette tilbodet og ønskjer å vidareutvikle det til glede for framtidige toppidrettsstudentar.

studie2