sponsor-full-1078-041016

Kvammen gir seg

Oct 31, 2016

Tor Kristian Kvammen som har vore dagleg leiar i Førde VBK i vel 6 år, og før det spelar på elitelaget sidan slutten av -90 talet, har no bestemt seg for å gi seg i klubben. Kvammen grunngjev dette med et ønske om å prioritere andre ting i tida framover.  Han har difor sagt opp si stilling som dagleg leiar og fråtrer denne 1.desember 2016.

Vi takkar Tor Kristian for innsatsen i klubben og ønskjer lykke til vidare.

Bjørn Holvik
Styreleiar Førde VBK