sponsor-full-1078-041016

Reisebrev frå Karoline, EM-kvalik U19

Apr 6, 2016

Eg reiste til ToppVolley på Sand på bruttosamling på skjærtorsdag. Dagane frå langfredag til 2. påskedag bestod av to treningar. Morgentreninga starta kl.10-12 og ettermiddagstreninga frå 16.30- 19. Det var berre balltreningar der mottak, oppstilling og serve var mest i fokus dei første dagane. Mot slutten av samlinga blei det fokuset meir spelenært, og det blei satt opp eit lag. Uttaket av troppen vart offentleggjort etter første trening måndag 2.påskedag. Og det var ein god følelse å få vite at eg hadde komt vidare.

Tysdag ettermiddag reiste vi med båt til Stavanger, og overnatta. Onsdag morgon reiste vi med fly frå Stavanger til Oslo, Oslo til Frankfurt og Frankfurt til Sofia, Bulgaria. Reisa tok totalt litt over 12timar. Torsdag hadde vi ei kort treningsøkt i hallen. Fredag starta med frukost på hotellet og trening og videomøte. Første kamp var mot vertsnasjonen Bulgaria, og stemninga i hallen var stor! Bulgaria blei tatt litt på senga, og vi beit godt frå oss gjennom heile kampen. Etter eit litt dramatisk 4.sett der kampen blei stoppa i 20min på grunn av ein dommarfeil, tapte vi kampen 3-2 tilslutt. På laurdagen tapte vi mot Finland 3-0, og mot Estland 3-1. Spelet vårt varierte veldig, og det held ikkje på dette nivået. Målet for laget er å trene meir, og bli meir samkjørte i åra som kjem. Det ser eg fram til.

Eg sitt igjen med mykje god og nyttig erfaring sjølv om det blei mykje tap i Bulgaria. Eg spelte i alle kampane, og i heile kampen mot Estland. Det er i motbakke det går oppover, og det er mykje trening som må bli lagt ned for å følgje med dei andre i utlandet. Eg ser fram til meir trening med ball, styrke og allsidighet i tida framover og mot neste sesong.

Karoline Fauske