sponsor-full-1078-041016

Siger for damene, tap for herrane

Oct 12, 2016

Damene gjennomførte ein god kamp, og vann 3-0. Med ein pangstart på kampen, der vi vann 25-9, var dei to siste setta litt jamnare. Etter ein litt trøblete periode i andre sett tok vi oss opp mot slutten og ga frå oss henhaldsvis 18 og 15 poeng dei siste setta. Capt’n Hilde oppsummerer slik til Firda: – Det blir utfordrande å spele når vi startar så godt, då er det fort gjort å ta litt lett på det. Men vi greidde å skjerpe oss og halde fokus. Då blei det greitt til slutt.

Underteikna, saman med Martine Viken, blei våre beste poengsamlarar med 10 poeng. Live Aasbø blei fortent MVP etter å ha levert stabilt leggarspel mot gamleklubben.

Med tre seirar, leiar vi no tabellen med våre 8 poeng, 2 poeng framfor både Randaberg og Oslo Volley. Det er vi sjølvsagd glade for, men vi er klar for å møte mykje tøff motstand i dei kommande kampane. Vi lovar å kjempe for å behalde plasseringa!