Seriekampar i Gaularhallen!

Nov 2, 2016

Vi startar den travle november månad med seriekampar for både dame- og herrelaget i Gaularhallen.
Først ut er damene, som laurdag kl 14.00 tar imot Randaberg. Randaberg har vunne tre av tre kampar så langt i sesongen, og har vist at dei også i år er blant favorittane. Vi har vunne fire av fem så langt og håpar på fortsette den gode trenden. Med siger på laurdag vil vi halde Randaberg bak oss, noko som er god motivasjon for oss.

Herrane må klare å snu ein dårleg trend når dei også tar imot Randaberg kl 16.00. Med tap i tre av fire kampar så langt, og ein hektisk periode med Europacup, Nordic league, cup- og seriekampar er det viktig at spelet byrjar å lausne, og at sigrane byrjar å kome. Vi tapte førre kamp mot Randaberg knappast mogleg med 3-2 på bortebane. Gutane er skikkelege revansjelystne, og satsar på å vise det på bana på laurdag.

Også 1.divisjonslaget vårt skal spele i Gaularhallen, først av alle klokka 11.30. Her er våre gode vener frå Sunnfjord Folkehøgskule motstandar. Vi tapte 2-1 mot Sunnfjord nylig under rankingturneringa i Bergen, men kan garantere at dei skal få det tøffare med å vinne på laurdag!

Ta turen til Gaularhallen og nyt god volleyball!