sponsor-full-1078-041016

Sesongens første heimekampar!

Oct 6, 2016

Søndag skal både damene og herrane i aksjon i Førdehuset for første gong denne sesongen. Vi satsar på å oppretthalde den gode forma frå førre helg, og på å gi publikum god underhaldning for pengane.

13.00 tek damene våre imot Tønsberg. Etter to sigrar førre helg og tabelltopp må Førde-jentene ta på seg eit lite favorittstempel mot eit ungt Tønsberg-lag. Jentene er likevel forberedt på at dei må spele sitt beste for å stikke av med alle poenga, og håpar dei kan levere mykje publikumsvennlig volleyball.

seristart

Spennande blir det også kl. 15.00 når herrelaget tek imot NTNUI. NTNUI var fjorårets cupfinale-motstandar, og viste seg fleire gongar å vere ei hard nøtt. Det kjem til å blir ein tøff og jamn batalje mellom to av laga som kjem til å hevde seg heilt i toppen også i år.

Vi håpar mange tek turen til Førdehuset for å oppleve topp volleyball levert av fleire av Noregs beste lag!