sponsor-full-1078-041016

Sesongens siste seriehelg i Førdehuset er gjennomført!

Feb 29, 2016

Alle tre seniorlaga våre har spelt. Det enda med 3 av 4 sigrar.

Først ut var damene mot serieleiar Randaberg. Dette enda med 3-1 tap, men det unge Førdelaget leverte ein av sine betre kampar for sesongen. Kampen vart etterfølgd av tilsvarande oppgjer for herrane. Førdekarane gjorde reint bord, og vann 3-0. Dermed var sluttspelplassen sikra. Vi blir dårlegast nummer 3 i serien og møter NTNUI i semifinalen i sluttspelet. Førdetrenaren uttrykkjer stor lettelse etter å ha vunne kampen og nådd sluttspelet. Målet før sesongen var at vi skulle bli topp 3 i serien.

Søndag opna 1. divisjonsgutane ballet med å ta imot Toppvolley Norge som klar serieleiar i 1. divisjon. Førdegutane opna med å vinna 1. sett mot juniorlandslaget. TVN kom sterkt tilbake og vann dei to neste. Førdegutane tok over kommandoen i kampen igjen, og vann eit tett 4. sett, 25-23 etter killblokk av Sindre Grotle. 5. settet var jamnt opp til sideskift, 8-7 til Førde. Heimelaget kontrollerte settet inn vann 15-10. Ein herlig lagseier!

Damekampen vart difor forseinka, men dette knekte ikkje Førdejentene. Dei spelte strålande og kanskje årsbeste i dei to første setta. Deretter vann TVN det 3. settet, før heimelaget igjen tok kontrollen på kampen og vann 4. settet enkelt, og dermed kampen 3-1.