sponsor-full-1078-041016

Siger i første semifinalekamp!

Apr 6, 2016

Laurdag møtte herrelaget NTNUI den første semifinalen i sluttspelet i eliteserien. Etter ein lang, underholdande og svært varierande kamp, der vi veksla mellom det heilt geniale og det ytterst håplause kunne vi til slutt slepp jubelen laus, etter å ha vunne 15-10 i det femte og avgjerande settet.

Etter å ha vunne det første settet med god kontroll, kom NTNUI tilbake i kampen i det andre og tredje settet. Med ei blanding av eit dårleg Førde-lag og eit hardtjobbande NTNUI blei vi feid av bana i desse setta, noko settsifra 19-25 og 14-25 tyder på. Coach Tvinde såg seg nødt til å gjere nokre endringar for å få oss tilbake i kampen, og det lykkast han med. Anført av ein heiltent Sverre Flåskjer i midten gjorde vi kort prosess i dei to siste setta, som vi vann med sifra 25-16 og 15-10. Med det var eit perfekt utgangspunkt før returkampen sikra!

Returkampen går førstkomande laurdag på bortebane i Trondheim. Med siger her er vi vidare til finalen i sluttspelet. Dersom vi skulle tape, og det dermed står 1-1 i kampar, skal det spelast ein siste og avgjerande kamp dagen etter, der vinnaren går til finalen.  I finalen ventar vinnaren av duellen Nyborg-Tromsø. Tromsø tok første stikk på heimebane, og har dermed eit godt utgangspunkt før returkampen. Men som vi alle veit er det vanskeleg å slå Nyborg i Stemmemyren.

Sjå bilete frå kampen på Facebook.