Tap i semifinalane

Dec 7, 2016

Foto herrekampen: Svein Rune Kjøllesdal, Firda.
Foto damekampen: Per Thime.

Både dame- og herrelaget tapte den første av to semifinalekampar. Damene tapte 3-1 borte mot Randaberg, medan herrelaget måtte sjå seg slått av Viking med same siffer. No blir det ei veke med knallhard trening før returoppgjera neste helg.

Damene møtte eit sterkt Randaberg på bortebane laurdag. Vi spelte to gode sett, der eit vart tapt knepent og eit vunne med god margin. Dessverre spelar vi også to dårlege sett, noko som gjer at vi taper kampen 3-1 og har eit vanskeleg utgangspunkt før returoppgjeret. Vi tar likevel med oss at vi er vel på høgde med Randaberg i store periodar, og har tru på at vi kan utfordre dei skikkeleg neste kamp.

semirand

For herrelaget vart dei ein heilmørk kamp mot Viking. Etter å ha vunne første sett komfortabelt, tapte vi dei tre neste. No har vi ei ekstremt tøff oppgåve i Bergen, men vi skal stå på på trening og gjere alt vi kan for å gi dei ein tøff kamp!

Damene spelar i Førdehuset på laurdag kl 16.00, medan herrelaget sin kamp går i Bergen laurdag. Vi håpar mange tek turen og støtter oss til siger!

semicupviking semirand2 semirand3