sponsor-full-1078-041016

The double!

Apr 26, 2016

Vi har klart det! Vi er seriemeistrar etter å ha slått Nyborg i seriefinalen! Med siger i både cupen og serien kan vi no kalle oss Noreg sitt beste lag!

Med 3-1 på heimebane førre helg la vi grunnlaget for det som kunne bli nokre fantastiske dagar i Bergen denne helga. Likevel visste vi at svært få lag klarer å få med seg noko som helst frå Stemmemyren. Tidlegare i år klarte ingen av dei beste laga i Norden det, då Nyborg vart nordiske meistrar. Med ein siger i bagasjen hadde vi to forsøk på å slå Nyborg. Men vi trengte berre eit! Etter ein overbevisande 3-0 siger kunne karane sleppe jubelen laus framfor mange tilreisande Førde-patriotar.

I alle tre setta tok vi leiinga tidleg, og klarte å halde den ut settet. Sjølv om settsifra (24-26, 23-25, 25-27) var jamne, følte vi at vi hadde kontroll heile vegen, ein utruleg god følelse å ha på bortebane mot Nyborg! Faktisk var Nyborg berre i leiinga ein gong heile kampen, og det på stillinga 25-24 i tredje sett. Vi sto imot settballen deira, og tre ballvekslingar seinare kunne vi sleppe jubelen laus. Det tredje seriemeisterskapet i klubben si historie var sikra. Og for første gang har vi vunne ‘’The double’’!

No er Førde også kvalifisert for Champions League! Vi kan med det bli det første norske laget som deltar i Europas største turnering. Men om det blir Europa-spel er ikkje bestemt endå, både økonomiske og sportslege vurderingar må gjerast først.

Vi vil også nytte moglegheita til å takke alle Førde-supportarane som hadde tatt turen til Bergen. Sjølv om vi var på bortebane kjentest det som å spele heimekamp. At so mange bryr seg er verkeleg god motivasjon for spelarane!

Sjå bilete frå kampen.

Sjå kva media skriv om kampen