sponsor-full-1078-041016

Ti sett mot Randaberg!

Nov 8, 2016

På laurdag var det full rulle i Gaularhallen. Både dame- og herrelaget var i aksjon mot Randaberg. I tillegg spelte 1.divisjon mot Sunnfjord. Vi takkar for eit flott arrangement og ein flott dag på Sande!

Etter å ha hatt ein god start på sesongen var det på tide for damene å møte ubeseira Randaberg. Kampen enda som ei jamn affære der Førde leda an frå start. Vi leda 2-0 etter to velspelte sett det vi kontrollerte spelet godt, men så kom Randaberg inn i kampen i dei tre siste setta. Kampen enda då dessverre med eit 3-2 tap. Vi tar med oss mykje bra frå kampen inn i cupkampen som spelast i Kristiansand i helga.
Herrane våre har hatt ein frykteleg start på sesongen, med tap i tre av fire kampar. Då smakte det ekstra godt å sikre seg ein 3-2 siger mot serieleiar Randaberg! Begge laga leverte mykje bra spel gjennom heile kampen. Sjølv om vi føler vi burde tatt med oss tre poeng i det 4. settet var vi godt nøgde med å klare å avgjere i det nervepirrande tie-breaket. Sigeren her gir oss god sjølvtillit inn mot den spennande Europacupkampen mot portugisiske Fonte do Bastardo Azores på onsdag!

Også 1.divisjonslaget vann sin kamp laurdag. Dei tok imot byrival Sunnfjord, som vi tapte på første rankingturnering. Ein revansjelysten gjeng spelte godt og tok med seg ein grei 3-1 siger. Trenarane var godt nøgde med at mange av dei unge og lovande fekk prøve seg på bana og presterte godt.

Takk til alle involverte for ein flott laurdag!