sponsor-full-1078-041016

Travle dagar: Europacup, NM, rankingturnering

Dec 1, 2016

Onsdag 23.nov spelte karane returoppgjeret mot Fonte Bastardo Azores på Azorene. Vi vart møtt av eit utroleg leven i hallen, og vi fekk verkeleg smake på korleis det er å spele på bortebane i Europa. Dei to første setta hang vi bra med, men begge endte med tap (25-21 og 25-23). Med det hadde vi ikkje lenger moglegheit til å gå vidare, og piffen gjekk litt ut av oss så vi endte med å tape det tredje settet med klar margin.

Vi tar med oss mange gode erfaringar, og den herlege opplevelsen det var å få lov til å reise til Azorene for å spele volleyball.

Fredag var det tid for siste kvartfinalekamp i cupen for damene. KSK er det beste laget i første divisjon og var eit ungt og svært dyktig lag. Kampen kunne knapt bli meir spennande – sida vi vann forrige kamp 3-2 måtte vi vinne denne kampen for å sikre oss plassen. Det såg mørkt ut då vi vi tapte første sett, og enda verre då vi låg under i tie break etter eit dårleg avslutning på fjerde. Likevel viste vi vinnarvilje og kan melde om fantastisk god stemning i Førdehuset etter at Hilde smelte matchballen rett ned i gulvet.

Den aktive volleyveka vår stoppar ikkje der. Lørdag og søndag var det duka for rankingturnering. Det hadde vi begge lag i kvartfinale, og enda med andre- og åttendeplass. KSK fekk sin revansj med å ta førsteplass på damesida, som for øvrig er deira andre rankingseier på rad. På herresida måtte vi sjå oss slått av NTNUI. Vi takkar alle involverte for ei god helg.

Neste veke blir det dei første semiane for begge lag. Det blir heilt sjukt spennande, herigud.