sponsor-full-1078-041016

Velkomne til Førde-cup 11.-13. november

Oct 16, 2016

Invitasjon til Førde-cup frå fredag 11. til søndag 13. november i Førdehuset.

Påmelding

Meld deg på her!

Påmeldingsfrist er sett til søndag 30. oktober 2016.

Klassar

MiniVolley nivå 3

  • Gutar og jenter i same klasse
  • 1 hold
  • 2-3 spelarar på bana
  • Netthøgd: 2,00 m, Bane: 6 x 6 m
  • Spelar både laurdag og søndag. Minimum 5-6 kampar pr. lag i løpet av turneringa.
  • Ikkje sluttspel, inga kåring av vinnarar, premie til alle.
  • Kr. 800,- pr. lag

U13 (GU13, JU13) (Nivå 4)

  • Eigne gute- og jenteklassar
  • U13 årsklasser: 2004, 2005, 2006, 2007
  • Vanleg volley (ingen hold)
  • 2-3 spelarar på banen
  • Netthøgde: 2,10 m, Bane: 6 x 6 m
  • Kampar både laurdag og søndag. Minimum 5-6 kamper pr. lag i løpet av turneringa.
  • Ikkje sluttspel, inga kåring av vinnarar, premie til alle.
  • Kr. 800,- pr lag

U15/U17

  • Eigne gute- og jenteklassar
  • U15 årsklasser: 2002, 2003,2004
  • U17 årsklasser: 2000, 2001, 2002,2003
  • Ein kan søkje om å få bruke eldre spelarar på laget. Her kan ein berre bruke spelarar som er eitt år eldre (f.eks. i U17 kan ha med ein spelar fødd i 1999). Send søknad på e-post til leiar@fvbk.no
  • Netthøgd: U15 – 2,18/2,24 m, U17 – 2,24/2,35 m, U19 – 2,24/2,43 m
  • Spelar både laurdag og søndag (innleiande kampar laurdag, sluttspel og finalar på søndag)
  • Kr. 1 250,- pr. lag

Arrangør kan slå saman klassar dersom talet påmelde lag blir lågt i enkelte klassar.

Overnatting på Førde ungdomskule

Skulen ligg rett bak kamparenaen, Førdehuset. Påmelding til overnatting gjer de ved å sende e-post til leiar@fvbk.no. Send med namn på dei som overnattar og tal vaksne/barn.

Overnattingspakke 1: Pris kr. 520,-

  • Kveldsmat fredag kl. 20-22 på ungdomsskolen
  • Kveldsmat laurdag
  • Overnatting fredag-søndag
  • Frukost laurdag og søndag
  • Middag laurdag frå kl. 1700 – 1900 på Førde Ungdomsskule

Overnattingspakke 2: Pris kr 400,-

  • Overnatting laurdag-søndag
  • Middag laurdag frå kl. 1700 – 1900 på Førde Ungdomsskule
  • Kveldsmat laurdag
  • Frukost søndag

Kiosk på Førde Ungdomsskule

Det blir kiosk på Førde ungdomsskole under hele turneringa. Her sel vi brus, sjokolade, frukt, og enkel, varm mat.

Opningstider

  • Fredag kl. 18:00 – 23:00
  • Laurdag kl. 12:00 – 16:00 og 20.00 – 23.00
  • Søndag 12.00 – 14.00

Hotell

Førde volleyballklubb har samarbeidsavtale om prisrabatt med Scandic Sunnfjord hotell. Hotellet ligg i gåavstand frå Førdehuset.

scandic