sponsor-full-1078-041016

Ventetida er over!

Oct 1, 2016

Endeleg er dagen her! Etter lange tider med trening og venting blir sesongen endelig sparka i gang. Alle våre tre øvste elitelag skal i aksjon for første gong i sesongen i dag.

Herrelaget er vel framme i Stavanger, der dei skal spele mot Randaberg laurdag. Begge bortekampane mot Randaberg i fjor enda med 3-2 siger til oss, so mykje tyder på at vi kan sjå fram til ein spanande kamp. Søndag tar vi turen til Sand, der motstandar er nyopprykka ToppVolley Noreg. Å møte ToppVolley er alltid vanskelig. Det er eit hardtarbeidande lag som aldri gir opp, so også dette blir ein tøff kamp.

Damelaget har tatt turen til Oslo, der motstandar er OSI på laurdag, og Koll på søndag. Som ein kunne lese på NRK for ei stund sidan har damelaget vårt blitt forsterka veldig sidan førre sesong. Med mange nye spelarar har vi trua på ein god sesong, og vi satsar på å byrje med 6 poeng denne helga.

Også våre 1.divisjonsgutar skal i aksjon laurdag. Dei tar tur nordover for å møte Blindheim. Gutane viste gode takter under opningsturneringa i Bergen førre helg, der dei berre vart slått av eliteherrane våre og TIF Viking elite. Det blir spanande å sjå om gutane klarar å oppretthalde den gode forma inn i første seriekamp.

Vi reknar med at alle elitekampane vert streama, muligens også 1.divisjonskampen. Følg med på facebook-sida vår, der vil vi legge ut link til streaming når det er klart. Der vil vi også kjapt oppdatere kampresultat og andre ting.

Vi ønsker alle laga våre lykke til!