sponsor-full-1078-041016

Viken og Thue på treningsleir i Tyskland

Sep 7, 2016

Som ein del av sesongoppkøyringa fekk Elise Thue og Elisabeth Viken forrige veke mogelegheita til å reise  på treningsleir saman med ein kjekk gjeng frå WANG Toppidrett Tønsberg. I Schwerin, Tyskland fikk dei rundt 30 gode treningstimar med gode trenarar som Michael Döring (ein av Tysklands to beste fysiske trenarar), profftrenar Tore Aleksandersen og landslags-trenar Odd Ekerhovd.

Til redaksjonen oppsummerer dei turen som ein svært lærerik tur, då dei lærte mange nye øvelsar og teknikkar som dei skal bruke tida framover på å øve inn og lære vidare. Motiverande var det og å sjå Schweriner SC både trene og spele. SCC fikk ifjor andreplass i den øverste ligaen i Tyskland.

Jentene takkar WANG med trenarar for ein fin tur, og ser fram til å bruke ny kunnskap fram mot kommande sesong.

received_1423548974338156_1473199148683 received_1423549004338153_1473199148842 received_1423549014338152_1473199148952