sponsor-full-1078-041016

Volleyballskule i haustferien

Sep 29, 2016

Førde volleyballklubb arrangerer volleyballskule måndag – onsdag i haustferien for 4 – 10 klasse.

Treningane vert i Førdehuset kl 10-15, frå måndag 10.10 til og med onsdag 12.10. Instruktørar vert spelarar frå Førde VBK sine elitelag. Vi deler inn i 2 eller 3 treningsparti ut frå tall påmeldte. Du kan melde deg for en eller fleire dagar. Pris: kr 200.- pr dag. Prisen inkluderer matpakke. Betaling kontant ved oppmøte.

Påmelding på e-post til leiar@fvbk.no innan torsdag 06.10 med navn, klasse og kva dagar en vil vere med.