sponsor-full-1078-041016

Fantastisk helg for herrane!

Feb 6, 2017

Herrelaget kom heim med 6 poeng etter helga sine to bortekampar!

Laurdag slo vi NTNUI komfortabelt 3-0. Med godt, stabilt side-out spel og eit til tider meget bra poengspel hadde NTNUI lite å stille opp med. Vi er altso meget godt nøgde med sigeren og eit spel som er betre enn det vi har prestert heile sesongen.

Søndag fortsatte den gode stimen når vi banka Koll 3-0! Sjølv eit ekstremt høglytt og entusiastisk heimepublikum, med ‘’Koll Ultras’’ i spissen, var ikkje nok til å stoppe det gode spelet vårt. Ekstra gledelig er det at ein midtspelar, Sverre Flåskjer, blir mestscorande spelar med heile 12 poeng!
Godkjensla er verkeleg tilbake for karane, og vi håpar på ein meget god avslutning på sesongen!

For damelaget stemte det ikkje heilt I helga. Laurdag vart det 3-1 tap mot Randaberg som til tider hadde eit heftig servepress. Søndag kom vi også for kort mot ToppVolley og må sjå oss slått 3-0. Det er mykje bra spel, men vi rekk likevel ikkje heilt opp til toppnivået vårt. Spel dårlegare enn toppnivået vårt er ikkje godt nok mot eit tøft ToppVolley-lag. Neste veke blir ei bra treningsveke før vi tar i mot Oslo Volley på heimebane førstkomande laurdag. Herrelaget tar i mot ToppVolley same dag.