sponsor-full-1078-041016

Førde volleyballklubb i tospann med høgskulen

Feb 21, 2017

Fleire av klubben sine spelarar er allereie i gang med høgskulestudium, og andre vurderer å bli studentar til hausten.

I Førde kan ein kombinere volleyball på toppnivå med høgskulestudium. Frå årsskiftet vart Høgskulen i Sogn og Fjordane ein del av Høgskulen på Vestlandet. Førde volleyballklubb ønskjer å utvikle samarbeidet med høgskulen slik at også nye spelarar kan nyte godt av tilrettelagde studium.

Nedanfor er liste over studium i Førde og Sogndal der ein kan legge til rette for å vere volleyballspelar på elitenivå samtidig som ein studerer.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Sissel Sande på e-post.