sponsor-full-1078-041016

Trippelkamp i Bergen

Mar 9, 2017

Idag har vi vore i Bergen og spelt trippelkamp! 1.div var først ute. Etter ein grytidleg morgon og kampstart 11 vann dei første settet, men måtte sjå seg slått etter tre jamne sett som gjekk i favør Viking.

For damene gjekk det betre! Viking begynte heilt klart best i dag og klarte greitt å vinne det første settet. I dette settet hadde vi trøbbel i blokk/forsvar og tapte ganske klart. Vidare fortsette vi med mykje servefeil og ein del personlege feil, men vi klarte likevel å dra dei neste tre setta i land. Reiser heim att med 3 poeng i bagasjen og i dag er vi veldig fornøgde med det!

For herrane vart det desverre eit surt 3-2 tap mot Viking, som tidlegare i veka vart historiske som første norske lag i kvartfinale i Europacupen. Vi låg bra an i alle sett, men gjer unødvendige feil mot slutten som kostar oss sigeren. Positivt var det at Øystein Bergum var på bana igjen! No ser vi fram mot siste heimekamp i serien og deretter sluttspelet, der vi håpar å hevde oss heilt i toppen!