sponsor-full-1078-041016

Vil du vere med herrelaget til Tromsø?

Apr 13, 2017

Førde volleyballklubb er enno i gledesrus etter herrane sin semifinalesiger i helga. Det gir oss også arbeid:

Finalevinnaren er laget som vert best av tre kampar. Helga etter påske vert det kamp i Førdehuset, så blir sluttspelet avgjort i Tromsø i langhelga rundt 1. mai. Laget vårt treng støtte i desse viktige kampane. Vil du vere med på ei langhelg i Tromsø?

Vi forhandlar med både flyselskap og hotell om prisar og opplegg. Om mange nok vil vere med, er det er aktuelt å chartre eit fly. Avreise vert frå anten Førde, Florø eller Bergen fredag 28. april, overnatting på hotell i Tromsø, ein eller to kampar i løpet av helga og retur måndag 1. mai. Kor mykje er du villig til å betale for å vere med på dette? Skriv gjerne ønska avreisestad også.

Send svar til leiar@fvbk.no. Vi treng svar i løpet av påska.