sponsor-full-1078-041016

Volleyballmoro i vinterferien

Feb 27, 2017

Måndag, tysdag og onsdag var 20-25 barn og unge samla for å spele volleyball og ha det moro i Førdehuset. Dyktige spelarar frå elitelaga delte at sin kunnskap og kompetanse til både nybyrjarar og dei som har spelt volleyball før. Oppvarming, ulike teknikkøvingar og balltrening stod på programmet.

Deltakarane kosa seg også med lunsj frå kafeen i Førdehuset før dagane vart avslutta med samspel og venskapleg konkurranse. Barn og ungdom frå 4. til 10. klasse har hatt lærerike og kjekke dagar med volleyball og moro. Tusen takk til elitespelarane som stilte opp og var trenarar.