sponsor-full-1078-041016

Volleyballskule i vinterferien

Feb 13, 2017

Førde volleyballklubb arrangerer volleyballskule for 4. – 10. kl. måndag til onsdag i vinterferien.

Treningane vert i Førdehuset måndag 20.02. til og med onsdag 22.02. kl. 10.00 – 15.00.

Instruktørar vert spelarar frå Førde VBK sine elitelag. Vi deler inn i 2 eller 3 treningsparti ut frå tal påmelde. Du kan melde deg for ein eller fleire dagar.

Pris: kr 200.- pr. dag. Prisen inkluderer matpakke. Betaling kontant ved oppmøte.

Påmelding på e-post til leiar@fvbk.no innan torsdag 16.02. Skriv namn, klasse, kontaktinfo. til foreldre og kva for dagar du vil vere med.