Førde har planar om bite frå seg i toppen av eliteserien for herrar også denne sesongen.

– Vi er meir solide enn i fjor. Det er stort sett den same startseksaran, men vi har fått jobba i lag i eit år etter ein del utskiftingar i fjor. Så dette blir bra, seier Oskar Raftevold.

Heimvend proff blir viktig

24-åringen har tre-fire sesongar bak seg på elitelaget til Førde, og han har allereie blitt ein av dei mest rutinerte spelarane på laget. Dei fleste nye spelarane er langt yngre. Men trass i den låge snittalderen – Raftevold trur Førde blir å rekne med i toppen også denne sesongen.

– Eg tippar topp tre. I beste fall kan vi vinne serien, og i verste fall blir vi nummer fire, seier kantspelaren.

Sunnfjordingane tok bronse sist sesong, og stammen i laget består framleis av Martin Olimstad, Oscar Sæther, Vitor Macedo, Oskar Raftevold og Sverre Flåskjer.

Så blir det spennande å sjå kor lenge Bjarne Nikolai Huus blir å sjå i Førde-drakta. Den heimvende proffen skal spele for moderklubben inntil han eventuelt får kontrakt med ein ny klubb i utlandet.

– Det er artig at Bjarne er tilbake i Førde. Vi har eit veldig ungt lag, og med bakgrunn frå spel i USA og profferfaring frå Europa kjem han inn med mykje røynsle. Det tilfører først og fremst mykje på trening, men det svekkar oss jo ikkje på bana, heller, seier Jan Egil Tvinde.

Håpar alltid på edelt metall

Leiaren konstaterer at det sportslege nivået på trening er høgare enn på lenge. Det er mange spelarar på treningane, og det er eit jamt og høgt nivå på 14-16 spelarar.

– Kan Førde klatre på tabellen frå tredjeplassen i fjor?

– Ja, det bør vere målet. Vi er ein klubb som ønskjer å kjempe om både cupfinale og seriegull. I tillegg er eg oppteken av at vi skal klare å utvikle kvar einskild spelar til sitt beste nivå. Som klubb er vi avhengige av å få til det.

– Kan vi håpe på gull?

– Det håpar vi kvart år, og det er ingen grunn til at det ikkje er mogleg i år og.

Førde serieopnar laurdag borte mot Randaberg. Søndag går turen til ToppVolley Norge. Også damelaget har dobbeltkamp på bortebane mot dei same laga denne helga. Dessutan serieopnar 1. divisjonslaget for herrar med bortekamp mot OSI allereie fredag. Dei skal i løpet av helga også spele mot Askim og Spirit Lørenskog.