Jan Ove Hafstad feiar all tvil til side: Så avgjerande er sponsorane for Førde VBK!

– Klubben hadde ikkje vore på det nivået vi ser i dag, hadde det ikkje vore for samarbeidspartnarane våre. Det gjeld den totale biten, der vi har breidde, topp og elite – og ikkje minst dugnadsånd, seier Jan Ove Hafstad.

Han er nestleiar i Førde Volleyballklubb og har den siste tida lagt ned mykje arbeid i forhandlingar med sponsorane – eller samarbeidspartnarane, som han føretrekkjer å kalle dei.

No er mange av brikkene på plass framfor sesongen 2020-2021, og det er faktisk litt fleire store kontraktar enn på same tid i fjor. Hafstad er nøgd med støtta frå dei lokale verksemdene.

– Mange av dei har vore med lenge – nokre i over 20 år. Det set vi stor pris på, for det medfører ein stabil økonomi. Det gjer det føreseieleg og lettare å planleggje for oss, seier Hafstad.

Lurer du på kven sponsorane våre er? Du finn dei her  . Klikk deg gjerne inn og les meir om dei!