Herrane i flyten!

Feb 12, 2017

Herrelaget har hatt ein meget tung start på sesongen i år. Mykje skader og mange omrokkeringar er delar av skulda til vi er ute av Cupen, Nordisk Mesterskap og Europacupen og at vi ligg relativt dårleg an i serien.

No ser det derimot ut til å løsne for herrane! Laurdag slo vi dei unge talenta frå ToppVolley 3-0. ToppVolley kom til kampen som klare underdogs, men imponerte men tidvis veldig godt og tøft spel. I 2.sett leda dei med so mykje som 8 poeng, før nokre gode serverekker frå Jonas og Jarle klarte akkurat klarte å hente det inn for vår del. Når vi såg at ToppVolley tok sett frå seriefavoritt Viking dagen etter skal vi vere godt nøgde med 3-0 siger!

No står herrane med tre sigrar, ni poeng og ingen tapte sett på dei tre siste kampane! Med det har vi begynt å nærme oss topplaga igjen, og vi kan no utfordre 3. og 4.plassen. Viss vi klarar 4.plassen får vi arrangere kvartfinale-turneringa i sluttspelet. Det er ein stor fordel for oss å spele den i Førdehuset kontra andre plassar. Klarar vi 3.plassen går vi rett til semifinale der vi møter 2.plassen. Uansett kva som skjer har vi trua på ei god plassering i sluttspelet!

Neste kamp for herrane er 4.mars borte mot erkerival Viking, vi gler oss!