Berre 14 år gammal fekk Selma Vassdal speletid for Førde mot Tromsø.

– Det var litt skummelt. Eg kjende meg som eit spørsmålsteikn utpå der, men eg satsa på at skulle gå bra, seier 14-åringen etter kampslutt.

Ho kom på bana med nummer 17 på ryggen og fekk spele dei siste fire poenga i det andre settet. Ho tok ikkje poeng, men var like fullt involvert i fleire situasjonar. Rundt seg hadde ho fleire spelarar som er dobbelt så gamle – og vel så det.

– Det er både skummelt og moro å spele saman med dei rutinerte elitespelarane. Eg har så mykje å lære, seier Vassdal.

Teken ut på landslag

Kampen enda 0-3 til serieleiar Tromsø med settsiffera 21-25, 16-25 og 17-25. Men Selma Vassdal let seg ikkje skremme. Om alt klaffar, vil ho gjerne satse på volleyball. Ho trenar tre til fem gongar i veka i tillegg til styrketrening. Ho har vore på samling for U17-landslaget.

– Først må eg bli betre i kneet, der eg har slite med ein skade. Så håpar eg å få vere med på kampar og lære meir med damelaget, seier midtspelaren.

Med to foreldre som begge har spelt volleyball, har ho meir eller mindre vakse opp i hallen på Sande. Søskena driv og med den same idretten, og storebror Mads Vassdal spelar for førstedivisjonslaget til Førde.

– Veldig lovande spelar

Trenar Vitor Macedo meiner det ikkje var eit sekund for tidleg å la 14-åringen debutere i eliteserien.

– Selma har stort potensial. Ho er veldig “på” og tilstades på trening, så eg synest det er kjekt å ha ho med i laget. Ho har ei god framtid, seier Macedo.

Trenaren trekkjer fram arbeidsmoral og fysikk som nokre av dei sterkaste sidene til det unge talentet. Saman med ei god innstilling til idretten, er det ein god kombinasjon, meiner han.

– Ho vil nok få meir speletid utover i sesongen, for ho blir betre og betre. Samstundes må vi skunde oss langsomt, seier Macedo.