Bjarne Nikolai Huus går inn som koordinator i toppidrettssatsinga på Hafstad vidaregåande skule.

Bjarne Nikolai Huus (framme til venstre på biletet) skal vere eit bindeledd mellom skulen, utøvarane, trenarane, Førde Volleyballklubb, Olympiatoppen Vest og volleyballforbundet.

– Når eg går inn i noko som dette, set eg inn alt eg har for at dette skal bli best mogleg. For når vi skal evaluere, er det eg som står ansvarleg, seier Huus til avisa Firda.

Du kan lese saka til Firda her.

Klubben finansierer med eigne midlar

Stillinga hans er på 25 prosent og er finansiert av Førde Volleyballklubb. Huus får ansvar for at dei til saman 15 spelarane i toppidrettssatsinga får eit så godt tilbod som mogleg. Han har bakgrunn som mangeårig elitespelar i Noreg, proffspel i Finland og på Kypros – og fire år i USA. Der vart han seriemeister. Erfaringane vil han bruke i den nye jobben, noko Førde-leiar Jan Egil Tvinde synest er ideelt.

– Dette er jo eit kompetanseløft av dei sjeldne, som nesten ikkje er mogleg å få til. Men takka vere korona og litt «uhumskheiter», er Bjarne heime. Då har tanken vore korleis vi best kan nytte oss av den kompetansen han har tileigna seg gjennom mange år, seier Tvinde til Firda.

Vil optimalisere for den einskilde utøvaren

Opplegget vart presentert på ein pressekonferanse torsdag. Her kan du høyre innslaget i NRK si radiosending.

– No kan ungdommane få ut det heile og fulle potensialet sitt. Bjarne Nikolai kjem til å følgje opp den einskilde utøvaren på ein god måte, seier Tvinde til NRK.

– Eg vil bruke røynslene mine frå proffspel og tida i USA til å optimalisere kvardagen for den einskilde utøvaren. Eg sit med mykje kunnskap som eg kan hjelpe dei med, seier Huus.

Fleire partar er involverte i den utvida satsinga på volleyball på Hafstad vidaregåande skule: Trenarar frå Førde Volleyballklubb, Olympiatoppen Vest, treningssenteret Puls og Norges Volleyballforbund. Huus skal leggje til rette for at opplegget fungerer, slik at ungdommane kan satse på volleyball som 24/7-utøvarar medan dei og går på skule.

Målet med satsinga er at fleire av utøvarane i prosjektet skal kunne gå inn i førsteseksaren på elitelaga til Førde Volleyballklubb.