Meir enn 40 spelarar har meldt seg på til Førde Volleyballklubb sin sandvolleyballskule.

– Det er mange smilande fjes og glade ungar. Det er kjekt å sjå, seier Branislav Djuric medan ungane rundt han trenar på mottak og fingerslag.

Djuric er til vanleg trenar for Førde sitt eliteserielag for herrar, men han likar seg minst like godt når han får trene dei yngre i klubben. Fram mot skuleferien skal serbaren vere hovudtrenar på sandvolleyballskulen i Hafstadparken. Han skal ha med seg juniorspelarar frå klubben.

Her blir det faste treningar på måndagar og onsdagar, og allereie den første dagen var det eit 40-tals spelarar i aktivitet. Dei er delt i to grupper. Den første timen trenar ungane frå tredje til sjette klasse. Deretter kjem spelarane frå sjuande til tiandeklasse. Totalt er 42 spelarar påmelde på sandvolleyballskulen.

Det viktigaste er å ha det kjekt med volleyballen, men Djuric har og auge for gode prestasjonar.

– Det er mange gode talent her, konstaterer han med eit smil.

Deltakarane var tydeleg nøgde etter den første treninga. For nokon var det første gongen dei prøvde å spele volleyball med sand under føtene. Og det var nok litt uvant.

– Sandvolleyball er ein heilt annleis idrett samanlikna med innandørs volleyball, seier Djuric.

Branislav Djuric forklarer øvingane for spelarane på sandvolleyballskulen

 

Spelarane på G17 under oppvarming til sandvolleyballskulen

Spelarane på G15 gjer øvingar på sandvolleyballskulen