Etter nokre veker med treningar i den nye Halbrendshallen, er konklusjonen klar.

– Det er supert at det har komme ein så bra treningshall. Her er det god takhøgde, godt lys og dempa golv. Det er og betre serveplass. Slike ting er viktige for oss som driv med volleyball, seier Jan Egil Tvinde.

Som leiar for klubben og trenar for damelaget, har han allereie vore mykje i den splitter nye hallen ved Halbrend skule i Førde. Han ser positive effektar.

– Dette har gjort treningskvardagen i klubben mykje betre, seier Tvinde.

Godt alternativ for alle laga

Halbrendshallen er ein flunkande ny fleirbrukshall i sentrum av Førde, nærare bestemt vegg i vegg med Halbrend skule. Elevane ved skulen har såleis fått ein flott gymsal, men det dryp og store fordelar på volleyballklubben.

For kapasiteten i Førdehuset har lenge vore sprengd, og mange av treningane til Førde-laga har vore seint på kvelden eller i små gymsalar. Aldersbestemte lag har til dømes hatt treningar så seint som fram til klokka 22.00 om kvelden.

No er det langt lengre mellom slike treningstider. Det er viktig med tanke på at spelarane skal få nok søvn og god restitusjon.

– Det er og eit godt alternativ for elitelaga. Sjølvsagt blir det ikkje heilt som på ei stor bane, men det er eit alternativ for oss, seier Tvinde.

Har fått bruke heile hallen

Elitelaga har no faste treningar i Halbrendshallen. Damelaget har mellom anna fått trene på heil bane, altså utan inndeling i mindre salar.

-Det er jo det optimale, for det blir mindre serveplass på mindre bane. Eg føretrekkjer framleis å trene i Førdehuset, for der er det betre å slenge seg. Men det er eit bra golv, godt lys og høgt under taket her, seier Jenny Fløystad Juliebø.

Ho spelar for damelaget, som har vore i gang med treningane i nokre veker no.

– Det blir ein spennande sesong. Eg trur vi kan vere med og kjempe om fjerdeplassen, seier ho.