– Det er sjølvsagt veldig kjipt å vere elitespelar og ikkje få spele kampar, seier Jenny Fløystad Juliebø.

Saman med resten av damelaget til Førde spelte ho den siste seriekampen før jul. Datoen var 12. desember. Sidan har ikkje damene komme i gang igjen med serien, og inntil vidare er alle kampar utsette på grunn av koronapandemien.

I mellomtida prøver laget å sjå på det som ein moglegheit til å utvikle seg endå meir før sesongen held fram.

– Alle er klare for å spele igjen, men så lenge det er restriksjonar må vi berre halde fram å trene som om neste kamp er rett rundt hjørnet, seier Juliebø.

Har utvikla seg mykje som lag

Kvar helg etter jul har laget hatt treningssamlingar. For å halde motivasjonen oppe, har dei dessutan funne på forskjellige lagaktivitetar også utanfor bana. Eitt av innslaga var aking. I tillegg har dei spelt treningskampar mot kvarandre for å kjenne på kampkjensla. I helga hadde dei treningskamp mot herrelaget sitt andredivisjonslag.

Målet er å halde fram sesongen der dei sleppte – og aller helst endå betre.

– Sesongen fram til no har vore veldig kjekk og innhaldsrik. Vi spelte stort sett kvar helg frå sesongstart til jul og har fått utvikla oss mykje som lag. Vi har til tider prestert over alle forventningar, men også vore misfornøgd med nokre resultat, seier Juliebø.

  • Les og: Her debuterer Selma (14) i eliteserien

Er betre enn i fjor – trass alt

Førde-kaptein Martin Olimstad er sjeleglad for at laga i dei heile teke får lov til å trene. Herrelaget sikra seg billett til cupfinalen med siger over NTNUI i Førdehuset laurdag 16. januar. Sidan har det ikkje vore lov å spele kampar i eliteserien. Men det var trass alt verre for snart eit år sidan.

– Eg hugsar tilbake til 12. mars i fjor,  då vi stengde ned alt, og det einaste vi kunne gjere var å trene heime eller ta oss ein løpetur. Då var det skikkeleg tungt å holde seg i form, seier han.

Det kan framleis gå fleire veker før volleyballen kjem i gang igjen. Men Olimstad har forståing for at laga ikkje kan reise på kryss og tvers av Noreg slik situasjonen er no. Han håpar det vil bli mogleg å spele kampar om ikkje altfor lenge. Førde er med i kampen om seriegull – og er klar for cupfinale.

– Vi har heldigvis ikkje ein cupfinale som kan komme når som helst. Vi må berre trene, halde oss i form og gjere vårt beste på alle treningar, seier Olimstad.