Oskar Raftevold er ferdig for sesongen.

– Det er sjølvsagt kjipt å avslutte sesongen i desember, men det får eg ikkje gjort noko med, seier Raftevold.

I den siste seriekampen mot Viking like før jul, skjedde det som fekk Førdehuset til å gispe: Oskar Raftevold banka inn ein ball i starten av andre sett – før han skreik ut i smerte. Kneet hadde fått seg ein smell i landinga.

– Eg landa med foten framfor meg og kroppen lent mot venstre. Kneet gav etter, og eg gjekk rett i golvet, skildrar 25-åringen.

Store skader i kneet

Han vart henta til undersøking, og veka etter var han til MR på sjukehuset. Veslejulaftan fekk han svar – og det var inga god julegåve:

Leddband og korsband er avrive, og det er i tillegg skadar på menisken som må reparerast. Den hardtslåande nordfjordingen må gjennom ein omfattande operasjon.

– Eg er nok ute i minimum seks månadar, men eg reknar eigentleg med at det vil ta ni månadar før eg er tilbake i full trening, seier han.

Skal komme tilbake

Sesongen hans er dermed ferdig allereie før vi bikkar nyttår. På den andre sida var det innhaldsrike månadar: Raftevold rakk å få med seg både siger i cupfinalen og eit kort proffopphald i Polonia før han vart skadd. No må han endre fokus.

– Framover handlar det om å bruke den tida eg har godt. Eg skal bygge opp resten av kroppen så godt eg kan. No har eg fått god tid til å jobbe med skuldra mi, som har plaga meg dei siste fire åra, seier Raftevold.

Han er klokkarklar på at vi ikkje har sett det siste av han på ei volleyballbane.

– Eg er fast bestemt på at eg skal komme tilbake på bana!