I helga var Selma Vassdal (15) og Mikal Kalstad (15) i Danmark for å spele EM-kvalifisering med dei norske landslaga. Les korleis dei sjølv opplevde det!

– Eg synest alltid at slike samlingar er veldig lærerike og hyggelege. Og det var det no og, sjølv om vi måtte halde meteren i mange situasjonar, slik at alle fekk komme seg heim til jul, seier Selma Vassdal.

Saman med det norske U17-landslaget for jenter spelte ho EM-kvalik i Køge utanfor København. Samstundes spelte Mikal Kalstad og Noreg sitt U18-landslag for gutar EM-kvalik i Nordenskov på Jylland. Motstandarar for begge laga var Danmark, Finland, Færøyene og Island.

Vi utfordra Selma og Mikal til å skrive kvar sitt reisebrev. Den utfordringa tok dei på strak arm.

Reisebrev frå Selma Vassdal:

 

Første dag var ein fin-fin dag med 3-0-siger mot både Island og Færøyane. Dette var begge kampar vi hadde full kontroll på, der vi fekk spelt vårt eige spel veldig bra. Dagen etter hadde vi kamp mot favorittane Finland, og dei slo oss dessverre 3-0, men vi var fullt med i alle tre setta. Dagen gjekk seinare med til videomøte og restitusjon.

 

Siste dag starta hardt. Vi stod opp klokka 06.45 for å bli klare til kamp mot Danmark. Denne kampen måtte vi vinne, dersom vi skulle greie å kvalifisere oss til andre runde i kvaliken. Dette greidde vi. Vi slo Danmark 3-0, og dermed var vi i finalen, som ville seie at vi var garantert ein plass i andre runde i EM-kvaliken.

 

I finalen var det igjen Finland som sto på andre sida, og kampen var no om å få ein plass direkte til EM. Dessverre vart Finland for sterke, men vi var ikkje langt ifrå med settsifra 25-22, 25-18 og 26-24. Uansett gler heile laget seg til ny runde i april 2022, og vi er veldig fornøgde med å ha greidd å komme oss så langt!

 

Utanom kampane prøvde vi å vere så sosiale vi kunne, noko som var vanskeleg grunna alle restriksjonane. Det var veldig kjipt, sidan vi er vande med å vere i lag som ei gruppe. Samstundes var vi kreative med å gjere ting som ikkje krev nærkontakt osb. For eksempel gjekk vi mykje tur og spelte spel. Ein stor del av dagane gjekk dessutan i å restituere. Sidan vi spelte og trente veldig mykje, er det viktig at vi lærer oss det.

Reisebrev frå Mikal Kalstad:

 

Eg fekk tysdag beskjed om at eg skulle på samling i Oslo, og deretter reise til Danmark for EM-kvalik fordi det var ein spelar som hadde blitt skada.

Eg kom på ettermiddagen og hadde ei trening. Der trente vi til torsdag, før vi reiste til Danmark same dag. Då hadde vi ei trening, før vi skulle spele kamp mot Færøyane neste dag. Eg kom inn og både serva og spelte litt. Den kampen vann vi greitt.

 

Neste dag spelte vi mot Danmark. Eg kom inn for å serve nokre gongar, og eg hadde ein viktig serve for å vinne eit sett. Kampen tapte vi 3-1 med jamne sett. Seinare den dagen møtte vi Finland, der vi spelte ein dårleg kamp. Eg kom inn når vi sleit i mottak. Eg fekk gode mottak, som gjorde at vi fekk fleire poeng. Vi tapte kampen 3-0, og då var EM-håpet over.

 

Neste dag spelte vi mot Island, der eg fekk spele to fulle sett og var fornøgd med prestasjonene. Den kampen vann vi enkelt 3-0. Etter det bada vi i basseng, og deretter såg vi finalen mellom Danmark og Finland, der Finland vant 3-1. Neste dag var det heimreise.

Både Selma Vassdal og Mikal Kalstad er no tilbake i trening med laga sine i Førde Volleyballklubb. Selma spelar for elitelaget for damer, medan Mikal spelar for U17-laget og fleire divisjonslag for herrar.