Styret kallar medlemmane i Førde Volleyballklubb inn til årsmøte 2021.

  • Stad: Auditoriet på Førde ungdomsskule.
  • Tidspunkt: Onsdag 21. april klokka 19.00.

Styret har komme fram til at årsmøtet kan gjennomførast med fysisk frammøte. Auditoriet på Førde ungdomsskule har god plass, og det vil vere gode rutinar for smittevern.

Sakslista for årsmøtet finn du her: Årsmøte 2021. Ønskjer du tilgang til årsmelding og sakspapir i framkant av årsmøtet, kan du be om dette ved å sende ein e-post til leiar@fvbk.no. Papira blir og delte ut på årsmøtet.

For å ha røysterett og kunne bli valt til verv på årsmøtet, må du ha vore medlem av Førde Volleyballklubb i minst éin månad, fylle minst 15 år i inneverande kalenderår og ha gjort opp alle økonomiske krav frå Førde Volleyballklubb. Alle medlemmar har uansett møterett, talerett og forslagsrett.

Med sportsleg helsing styret